Luster / Sogn og Fjordane

facebookprofil-med-maks-luft

Velkomen til Eineståande familiar i Luster 🙂 Me ynskjer fleire deltakarar og potensielle framtidige leiarar velkomne til å bli med oss!

Eineståande familiar er IOGTs aktivitetstilbod til deg som ofte er åleine med barn eller av ein eller annan grunn opplever deg litt åleine i foreldrerolla. Lokalgruppene blir drivne av frivillige foreldre som også ofte er åleine med barna sine og disse har gjennomført det obligatoriske leiarkurset. Hos oss møter du vaksne, barn og ungdom i ulike aldersgrupper og livssituasjonar. Felles for oss alle er at me har lyst til å bli bedre kjent med andre og dei moglegheitene nærmiljøet gir oss for aktivitetar med barna våre. Les gjerne meir her. 

I Luster starta me opp i 2015 og me arrangerer aktivitetar først og fremst i helgar. Etterkvart som aktivitetane blir ferdig planlagt kan du lese meir og melde deg på via aktivitetskalendaren til høgre her. Me sender alltid ut e post-invitasjon i forkant for å minne deg på om at du kan bli med 🙂 Alle aktivitetar er sjølvsagt heilt alkoholfrie, til glede for barn og vaksne.

Står du ikkje på vår e post-liste kan du registrere deg via fana øverst på denne sida.  Slik registrering er enkel, gratis og heilt uforpliktande og me held listene for oss sjølve. Dersom du ikkje lenger ynskjer invitasjonar fra oss, trykker du berre på “unsubscribe” nederst i ein av e postane frå oss og er sletta frå registeret. Enkelt og greit 🙂

“Lik” gjerne Facebooksida vår. Der finst mange koselige bilete og helsingar etter aktivitetar i dei ulike gruppene. Mange av dei som er med vil du finne igjen som tilhengarar på Facebook. Kanskje oppdagar du at du allereie kjenner nokon av oss frå før?

Har du nokon spørsmål, forslag til aktivitetar eller kanskje du har lyst til å bli med på neste leiarkurs? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Velkomen til Eineståande familiar i Luster, me gledar oss til å bli kjend med deg og dine.

 

 

Kontakt oss

Lokale leiarar:

Linda Cathrin Huseby,  tlf: 450 15 201

Anita Kjørlaug, tlf: 456 65 954

Janne Teigen, tlf: 960 41 345

E-post: Luster-gruppa:

luster@enestaaendefamilier.no

 

Nasjonal leiar med kontor i Sandefjord:

Trude Sletteberg Tlf: 97614519

trude.sletteberg@iogt.no

Facebook:

IOGT Enestående familier hovudside